Det er fredag. Det som pleide å være partytid, hurra-meg-rundt og alle hemninger til side. Heldigvis er det ikke lenger slik, og jeg setter mer pris på fredagene nå enn da jeg drakk. Nå vet jeg at jeg kan stå opp i morgen uten kuppelhode, angst og hukommelsessvikt. Jeg vet at jeg ikke trenger starte dagen med å være redd for å stå opp eller at jeg må «reparere». Denne fredagen har gitt meg gode forutsetninger for at jeg går en fin helg i møte. Jeg har ikke noe press på meg fra noe hold, og jeg klarer faktisk å være fornøyd med å ikke ha for store planer, verken for resten av denne dagen eller morgendagen. Jeg har heller ikke tenkt å skrive så mye i dag, ikke annet enn å renskrive noen dikt jeg har liggende. Kanskje kan disse tre diktene beskrive i korte trekk hvordan livet mitt har vært fram til nå.
Dikt er som livet, det er mye som må leses mellom linjene… og livet må leves, også mellom linjene…
Minner
Eg plukka blomar åt mor som lita jente
og vassglaset lot ho ikkje vente.
I vindauget dei sto i lange tider,
men eg såg det lell, i augo hennar – ho lider.
___
Eg song og lo som lita jente,
men likevel var det inga lukke å hente.
Om eg var god og snill, gjorde alt det rette,
vart eg til sjuande og sist den uglesette.
___
Eg trudde på framtida som lita jente,
og mange vegar eg gjekk før noko ljos seg tente.
Blomar, song, latter og godheit – alltid på leit,
men ein gong vil verda smila åt meg – eg veit.
_______________________
Dulgde tankar
I skimet frå eit talgljos sit eg her
Tenkjer
Dulgd eller oppofrande
Tankane sviv, om dei som ikkje har
Ikkje var
Dei som har det mørkt
Og trist
Som meg
Dulgd og oppofrande
Sender ynskjer om ei betre verd
Om noko eg ikkje har
Eg ser mykje i skimet, i ljoset
Dulgde og oppofrande tankar
Eg er, sant og visst
Men så trist
_______________________
Nytt liv
Eg er ikkje trøyt, sjøl om ljoset er vagt,
og ei lita helsing skal eg få sagt.
Om livet er tungt og dagane lange,
så fortvilar eg ikkje, åra er enn mange.
Timane går, morgon gryr,
eg rekk ikkje alt slik tida flyr.
Men ny tid stig or natta, månader blir til år
Det vert slik ein haustar, berre dei rette frø ein sår.
